|
Main /
MPHF-2024-06-05Til stades: Anne-Tove Brenne, Siri-Malén Høynes, Stig Marsteng Nilsen, Randi Solheim Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste Ingen merknader Sak 2: Oppsummering etter årsmøtet 8. april Styret gjekk igjennom status for dei protokollførte sakene. Orienteringssakene – utfyllande informasjon: - Sommarfest 15. juni kl. 18.00: Ole sender ut e-post til medlemmene, basert på informasjon frå tidlegare arrangement. - Gatelysa har blitt skifta på heile feltet, og vi har fått led-armatur. Sak 3: Oppsummering etter vårdugnaden Vi hadde godt vér, godt oppmøte og ei hyggeleg kaffistund. Dei aller fleste oppgåvene på agendaen blei gjennomførde. Til neste dugnad: Skifting av treramme på den store leikeplassen Sak 4: Oppsummering etter årsmøte i velforeininga 24. april Anne-Tove, Stig og Ole har representert oss på årsmøte i velforeininga. Dei la fram hovudpunkt frå årsmeldinga for styret. Sak 5: Asfaltering Velforeininga kjem i utgangspunktet ikkje til å koste ny asfaltering på området i næraste framtid. Huseigarforeininga vil undersøke om privatpersonar er interesserte i å få asfaltert eigne uteområde og hentar inn kostnader frå Trondheim asfaltservice. Dersom det blir mange nok, kan velforeininga vurdere å få asfaltert fellesområde samtidig. (Tidlegare forsøk på dette blei ikkje følgt opp.) Ole sender ut informasjon og ber folk melde interesse innan 1. juli. Anne-Tove kontaktar Trondheim asfaltservice i løpet av sommaren, basert på kor mange som er interesserte. Sak 6: Solceller Anne-Tove har undersøkt hos Enova. Stig kontaktar kommunen for å undersøke kva som er mogleg. Stig følgjer opp i løpet av vinteren, og vi tar saka opp att på neste årsmøte. Sak 7: Årshjul Sommarfest 2024: Laurdag 15. juni Haustdugnad: Måndag 26. og tysdag 27. august (styret har befaring torsdag 22. kl. 18.00, lagar oversikt over oppgåver og handlar inn nødvendig utstyr) Lucia-feiring: Fredag 13. desember Årsmøte: Måndag 7. april Vårdugnad: Måndag 28. og tysdag 29. april Sommarfest 2025: Laurdag 14. juni Anne-Tove undersøker om desse datoane er ok for velforeininga, før vi formidlar dei til husstandane. Neste styremøte: Tysdag 3. september kl. 20.30 hos Randi i nr. 74 Sak 8: Eventuelt Trafikksaker (fartsdumpar, skilt, brøyting) vil bli tatt opp på neste styremøte. Anne-Tove bestiller skilt med «Barn Leker» ¬– til oppsett på husnummerstolpen ved leikeplassen. Ho undersøker også forhistoria for arbeidet med fartsdumpar. Årleg ettersyn av leikeplass – merknader om tårnsklia: - Pussing og rustfjerning blir gjort på haustdugnaden - Stig tar ansvar for å tette glipe før sommaren |