Dato: 19.08.2020 kl 20:00
Stad: Frode Rinnans veg 48
Til stades:
Einar Bøen, Elin Svendsen, Ole Kristian Hoel, Heidi Johansen Hellebust (vara)
Sak 1: Nabovarsel Jonsvannsvegen 82
- Frykt for at det er planlagt veldig høgt bygg
- Styret formulerar eit svar og sender inn
- Einar skriv og sender inn på epost
- Frist for innsending er 25. august
Sak 2: Robotgrasklippar
- Det har kome innspel om det kan vere aktuelt å bytte ut dagens plenklippeavtale med robotgrasklippar
- Argument for å bytte er potensielt lavare kostnader, mindre støy og meir skånsom klipp
- Argument mot er at det kan føre til mindre insekt (bier, humler etc.) i plenen
- Einar sjekkar med Jon Arne/Velforeninga om dette er noko dei har tenkt på eller vil sjå på
Sak 3: Haustdugnad og reparasjonar
- Dato 7. september
- Einar sjekkar med Jon Arne om det er bestilt container
- Tiltak etter sjekk av leikeplass
- Sand under spiralfjører
- Sjekke innimellom og ta bort sand
- Glippe på sklie på den store leikeplassen
- Sette på list eller fugemasse
- Klemfare på kjetting på dissestativ
- Kan dette ordnast med tape?
- Styret tar ein runde i forkant av dugnaden for å finne oppgåver til dugnaden
Sak 4: Fartsdumpen ved innkøyringa til Moholt Park
- Fartsdumpen er i dårleg stand
- Sjekke med velforeninga om denne kan reparerast
Sak 5: Redskapsbu
- Kan det vere aktuelt at huseigarforeninga har ei redskapsbu for lagring av bålpanne, måleutstyr etc.?
- Litt usikkert kvar det kan plasserast
- Alternativ at styremedlemmar har ansvar for å ta vare på fellesutstyr
- Vi gjer ikkje noko vidare med dette no
Sak 6: Ein del hekkar som er store og kanskje trafikkfarlege
- Ifbm. dugnadsinnkalling sender vi ut oppfordring om at folk vurderar om dei bør klippe hekken med tanke på sikt og trafikksikkerheit
Sak 7: Søppelsug
- Har kome spørsmål om det har vore vurdert felles søppelsug
- Det har ikkje vore vurdert
- Høyrest dyrt ut å etablere...
- Kan tenkast at det blir billegare på lang sikt
- Vi gjer ikkje noko vidare med dette no