Recent Changes - Search:

MoholtPark Web

PmWiki

edit SideBar

MPHF-2020-03-24-S

Dato: 24.03.2020 kl 18:00
Stad: Skype

Til stades:
Ragnar Fagerberg, Ole Kristian Hoel, Lars Fossum, Einar Bøen (vara)

Sak 1: Referat frå styret i velforeninga

  • Styret har utarbeida forslag til budsjett for MPV
    • Stort sett indeksregulert samanlikna med forrige budsjett
    • Det er planlagt å bygge eit gjerde mot Jonsvannsvegen
      • Kostnad for velforeninga på kr. 50 000
      • Pengar til dette er tenkt tatt frå vedlikehaldsfondet
      • Det blir ekstra tilførsel til vedlikehaldsfondet som omtrent tilsvarar kostnad for gjerdet
      • Forutsetning at Trondheim Kommune også bidrar til gjerdet
    • Enigheit om prinsipp for budsjettering
      • Budsjettet skal ha null i balanse, dvs. driftskontoen skal ikkje endrast
      • Eventuelt overskot skal overførast til vedlikehaldsfondet
      • Bør ikkje ha negativt avvik
    • Budsjettert auke i fellesutgifter på totalt kr. 32 500
      • Huseigarforeninga sin andel av dette er 21,45% fordelt på 34 boligar
      • Det tilsvarar knapt 7000 årleg, eller ca. 200 kr per hus frå andre halvår 2020

Sak 2: Rekneskap 2019 og budsjett 2020 for huseigarforeninga

  • Huseigarforeninga hadde i 2019 eit overskot på nesten 9000 kr.
  • Vi budsjetterar med samme inntekter i 2020 som i 2019
    • Det vil seie at vi ikkje legg opp til auke i kontingenten for huseigarforeninga
  • Vi budsjetterar med litt større utgifter i 2020 på grunn av auke i fellesutgiftene
    • Totale fellesutgifter for 2020 blir ca. kr. 117 000
  • Forventninga er å gå omtrent i null, og evt. underskot blir tatt av oppsparte midlar

Sak 3: Innkomne saker til årsmøtet frå beboarane

  • Ingen

Sak 4: Gjennomføring av årsmøte om vi ikkje kan møtast

  • På grunn av restriksjonane ifbm. situasjonen rundt COVID-19 kan vi truleg ikkje samle beboarane 15. april
  • Så langt styret veit er vi lovpålagt å gjennomføre fysisk årsmøte seinast 1. eller 30. juni
  • I følge vedtektene skal vi gjennomføre årsmøte før årsmøtet i velforeninga, som i følge sine vedtekter skal ha årsmøte innan 1. mai
  • Vi forbereder og sender ut innkalling og underlag som om årsmøtet blir gjennomført 15. april
  • Ragnar skriv årsmelding, og Lars finpussar på budsjettet
  • På grunn av den ekstraordinære situasjonen forventar vi at årsmøtet blir utsett, og tar med dette i innkallinga
  • Om vi ikkje kan gjennomføre er foreløpig plan å gjennomføre årsmøtet så snart det lar seg gjere innanfor begrensningane i føringar frå myndigheitene og våre vedtekter
  • Vi vurderar fortløpande om det vil vere mogleg og/eller nødvendig å gjennomføre årsmøtet på alternative måtar

Sak 5: Nominering av medlemmar til nytt styre

  • Valkomiteen har foreslått følgjande som varamedlemmar
    • Heidi Hellebust, FR30
    • Henrik Manum, FR64
  • I tråd med gjeldande praksis foreslår vi å velge dagens vararepresentantar inn i nytt styre

Sak 6: Vårdugnad 2020

  • Planlagt dato er 27. og 28. april
  • Argumentet med å arrangere før konfirmasjon har falt bort sidan det ikkje blir konfirmasjonar i vår
  • Vi tar opp tidspunktet til ny vurdering etter påske
Edit - History - Print - Recent Changes - Search
Page last modified on March 29, 2020, at 07:07 PM